Den første vekeslutten
Velkommen til Anadrom sin første vekeslutt!
I denne vekentlige spalta vil me løfta fram kva me jobbar med i stiftinga, kven me samarbeider med, og kva som rører seg i elvene våre. Me vil gje eit innblikk i både prosjekta og menneska bak. Spalta vil etter kvart gå litt på rundgang blant oss, så de vil få ulike perspektiv kvar gong.
Med det unnagjort, skal eg bruka denne første spalta til å introdusera meg sjølv, og gje eit lite innblikk i kva me har jobba med den siste tida.
lett å stilla seg bak anadrom
Eg heiter Kristoffer, er 27 år, og var journalist inntil denne månaden. Første september byrja eg i Anadrom. Det er ikkje for kven som helst eg ville gått over til “the dark side” – kommunikasjon. Men Anadrom gjorde valet rimeleg enkelt. Dei vil jo ha meir vill laksefisk i elvene. Det er enkelt å stilla seg bak. Elles skadar det ikkje at dei har Noreg sitt finaste kontorlandskap. Første dag på jobb, gjekk turen frå heime i Vadsø til Bodø, der eg traff Atle. Me køyrde vidare nordover, med Lofotveggen på venstrehand og Sjunkhatten nasjonalpark på høgre – til Kjerringøy. Der møtte me eit par grunneigarar, og diskuterte alt frå drift av elveeigarlag til utfordringar, som rekruttering. Vidare var me med dei på befaring av Fjæreelva.
Som ny i Anadrom, var det spesielt interessant for meg å sjå med eigne auge, korleis enkle grep som ein grussti og gapahuk kan blåsa liv i eit vassdrag. Kay-Inge Jensen, leiaren av sameige, fortalde at det stadig vekk var folk innom gapahuken. Som er fullfinansiert av Anadrom. Sidan den kom opp, har han sett folk overnatta med både telt og hengekøye der, i ly for regn. Barneskulen har også blitt hyppige brukarar av vassdraget. Seinast den same dagen me var innom, hadde også barneskulen vore der, ifølgje Kay-Inge. Dei skulle tilbake neste dag, sa han.
Eg kjem frå Kvernaland på Jæren, eit område med mange flotte lakseelver, men elva i mitt liv er "ånå". Denne elva har eg vakse opp med, litt som ungane i Fjære no gjer med si elv. Det er ei bittelita elv med enorm aure (det må bli mellom oss). Ho snor seg frå høgjæren, gjennom kratt, park, nabolag og endå meir kratt, før ho munnar ut i Frøylandsvatnet. For oss i bygda var det å fiska i ånå noko me nesten alle hadde til felles. Me sto side om side, små gutar, gamle menn, tenåringar og dritungar. Eg høyrde nok til sistnemnde. Eit av mine kjæraste minner frå denne tida, var då ein tenåring tok med meg og nokre andre born opp i elva for å visa kvar storauren sto – og korleis me fekk han. Ånå har aldri vore profesjonelt forvalta, slik som Fjæreelva, men likevel har det vore ei elv som har forent fiskeinteresserte i bygda, på tvers av generasjonar, i generasjonar. Mykje takka vera parken ho renn gjennom. Det er parkstrekket, med sti og benkar, som har opna elva opp for lokalt engasjement i mangfoldige tiår. Parkstrekket skal ha noko av æra for å rekruttera generasjon, på generasjon med nye fiskarar. Meg sjølv inkludert.
Det var kjekt å sjå antydningar til starten på det same i Fjæreelva.
Konstruktive møter
På veg tilbake frå gapahuken traff me på eit par biologar frå Akvaplan-niva som vassa i elva, hyrt inn av Anadrom. Dei fortalde også om utfordringar, og løysingar. Leiegjerde, som skal føra fisken innom fisketeljaren med video, samlar for mykje skit. Også er det veldig mykje gras på botn. Atle hadde ei løysing på førstnemnde: Eit gjerde med kun vannrette stenger. Ikkje rutenett. Slik at ting kan gli gjennom.
Elles bar turen til Beiarelva, der me møtte styret og diskuterte nokre utfordringar og eventuelt vidare samarbeid.
Attpåtil fekk eg prøvd meg på fluefiske der, for første gong. Det er noko av det kjekkaste eg har gjort, og sidan eg kom heim har eg leitt kontinuerlig på nettet etter ei eiga stang.
Turen blei avrunda med eit par møter i Bodø. Først med ein stortingspolitikar på hotellet, og så eit styremøte. Møtet var det første til fleire nye i styret. Her blei blant anna formålet understreka, og ein overordna kommunikasjonsstrategi spikra. Så vel som mykje anna. Alt i alt var det ein godt motivert og kompetent gjeng som la ned mykje av kursen for det neste året til stiftinga.
Framover kjem det meir utdypande artikler frå turen til Fjæreelva, med både biologane og grunneigarane. Og neste fredag kjem ny vekeslutt. Så følg med!