Det er langt frå amerikansk politikk til anadrom fisk
Det har kome mange reaksjonar i kjølvatnet av det amerikanske valet, både frå folk og media, og mange spør seg – korleis kunne dette skje, igjen?
Me i Anadrom veit ikkje, det er langt frå amerikansk politikk til anadrom fisk, men noko er likevel overførbart: Når ein gløymer distrikta, og ikkje lyttar til dei som bur der, då oppstår avmakt.
Anadrom arbeider på elvekantane i små lokalsamfunn, med hjelp til elveigarlag for å forvalta anadrome vassdrag, og ser tydeleg kor hardt pressa distrikts-Noreg er. Me ser konsekvensane det har for villaksen, sjøauren og sjørøya nord i landet, tre av våre viktigaste nasjonalsymbol.
Ta for eksempel tilstanden til sjøauren i 1.251 vassdrag som i hovudsak er fjernkartlagt utifrå kart og flyfoto. Ein konsekvens av at fagfolk ikkje har fått tilført økonomiske ressursar, for å utføra arbeidet som dei har fått ansvar for. Når forskarar, beslutningstakarar og byråkrati blir sittande langt vekke frå distrikta dei forvaltar, kan det fort bli friksjon. Når generasjonar på generasjonar med kunnskap om lokale tilhøve knapt blir lytta til, då kan det bli avmakt.
Og når avmakt møter dyrtid, då lir distrikta. Kommune-Noreg er på full fart mot stupet, og villaksen, sjøauren og sjørøya må vika. På tross av at det er krise for villaksen, der mange kjente lakseelver vart stengt i sommar, og barn og ungdom som framtidige forvaltarar av lakseelvene ikkje kunne fiska i si lokale elv. Staten kan sjølvsagt prioritera annleis, men som Gunnar Stavrum nyleg påpeikte i Nettavisen, kunne dei med eit pennestrok redda skulane i Innlandet også, om dei berre prioriterte litt annleis. Men slik er det ikkje.
Noreg er ikkje som USA, men me skal ikkje kimsa av kva avmakt kan føra til. I Anadrom er me stolte av å tilby støtte til lokalsamfunn som vil retta ryggen og gjera noko med situasjonen sjølv – støtte som det offentlege ikkje har råd til i dyrtid, men som trengst no meir enn nokon gong. Anadrom lyttar til og samarbeider med elveeigarar, fiskarar, kommune og andre lokale.
Me sender biologar ut i felt for å kartlegga vassdrag og installerer videoovervaking i elver for å ha kontroll på at det er nok gytefisk, utan at det kostar noko for elveeigarlaga. Me bidreg med finansiering til gapahukar og til andre tiltak langs elvene, for at elver med vill laksefisk skal vera ein viktig del av distrikta for fiskarar og andre brukargrupper. I ei tid der kommunekassane rundt om i landet er skrapa til botnen, vil Anadrom gjera det me kan for å styrka villaksen, sjøauren og sjørøya i lokalsamfunn rundt om i landet. Målsettinga vår er:
- Bidra til meir vill laksefisk (villaks, sjøaure og sjørøye) i norske vassdrag.
- Gjera anadrome vassdrag attraktive som nærmiljøtiltak for rekreasjon, folkehelse og bulyst.
- Styrka attraktiviteten til lokalsamfunn og Noreg sitt omdømme som ein turist- og miljønasjon.