For laksen si skuld – ikkje kast inn årene heilt enno
Meiningane er mange om stenginga av laksefisket i sommar.
Mangen vil kasta inn handkle og seia at ein æra er over. Det er forståeleg det, ein kan lett kjenna på avmakt når lidenskap og nasjonalskatt forsvinn rett foran augo, utan at noko tilsynelatande skjer.
Men gjort er gjort. Kvifor ikkje bretta opp ermane, og forsøka å gjera noko med det me faktisk kan påverka? Uavhengig av utfordringar ute på fjorden, og i havet, kan me gjera alt i vår makt for å gje laksen ein velfortent pause frå det heile, i den viktigste fasen i livet deira – i elva.
Det er i elvene, der laksen gyter og yngelen veks opp, at me har dei største moglegheitene for å gjera ein forskjell. Med enkle grep kan me bidra til å forbetra forholda for laksen. Dette inneber å restaurera elveområder, fjerna hindringar som stoppar fiskens naturlege vandring, og setta fornuftige fangstkvotar.
Anadrom har allereie sett positive resultat frå slike tiltak. Me har gjenopna ei rekkje stengte elver, og jobbar med å kartlegga elvebotnane med biolog for å setta inn tiltak for å auka produksjonen av vill laksefisk vassdraget. Attpåtil installerer me videoovervaking for å registrera oppvandring av fisk, slik at me får god data for å setja riktig fangskvote som sikrer nok gytefisk.
Det handlar ikkje berre om å redusera dei direkte truslane mot laksen i elvene, men også om å gje lokalsamfunna verktøya dei treng for å ta del i bevaringsarbeidet.
Ein må ikkje undervurdera krafta i lokalt engasjement og lokal kunnskap. Når lokalsamfunn blir involverte, veks også forståinga og støtta for bevaringstiltak. Dette kan skapa ei varig endring som kan hjelpa ikkje berre laksen, men heile økosystemet i elvene våre.
Så la oss ikkje sjå på stenginga av elvene i sommar som eit endepunkt, men heller som ein ny start. Ein moglegheit til å omgruppera, tenkja nytt, og setja i verk dei tiltaka som faktisk kan gjera ein forskjell. For laksen si skuld, ikkje kast inn årene heilt enno.