Føre-var-strategien blir nasjonal kvotemodell for villaks
Neste år innfører Miljødirektoratet ein føre-var-strategi i kvoteforvaltning av norske lakseelver. Det er på høg tid.
Strategien er lik den stiftinga Anadrom tok i bruk for 16 år sidan i eit par elver på Vestlandet, og sidan har utvida til ei rekkje andre elver i Nordland, deriblant Beiarelva – der resultata talar for seg sjølv. At Miljødirektoratet no innfører dette på landsbasis, er eit viktig skritt i riktig retning for norsk lakseforvaltning. Forhåpentligvis, er det starten på ei betre forvaltning.
Strategien er enkel: Ein tek ikkje ut meir laks enn det innsiget tilseier er forsvarleg. Sesongen startar forsiktig og blir justert etter det faktiske innsiget, i staden for å basera seg på forventningar, slik det har vore inntil no.
Læring av erfaring
Erfaringane frå dei siste åra har vist at me ikkje alltid har kontroll over det forventa innsiget av laks, og mange har lært dette den harde måten. Når innsiget sviktar, har me sett korleis overfiske, og urealistiske forventningar kan føra til at fiske blir stengt, ofte med kort varsel. Dette har ikkje berre konsekvensar for bestanden av villaks, men også for fisketurismen. Og peikar på behovet for ei meir ansvarleg forvaltning.
Med føre-var-strategien, får me ein meir forutsigbar og berekraftig fiskesesong. Dette gir ei betre moglegheit for å tilpassa uttaket til dei faktiske tilhøva, og er eit viktig steg mot ei meir ansvarleg og framtidsretta forvaltning av villaksen og sjøauren.
Anadrom sin kvotemodell: Eit naturleg neste steg
For å sikra eit berekraftig og framtidsretta uttak, har Miljødirektoratet gjort det klart at det no blir opp til kvart elveeigarlag å legga fram ein plan som kan sikra eit kontrollert uttak av laks. Me meiner at dette i praksis betyr at kvotemodellen til Anadrom tilpassa den enkelt elv er det neste naturlege steget.
Basert på vår omfattande erfaring med føre-var-strategien, er kvotemodellen som Anadrom har utvikla gjennom 16 år det beste verktøyet for å handtere denne utfordringa. Modellen inneber at me set ein sesongkvote for heile vassdraget for mellom- og storlaks, i tillegg til ein personleg kvote for mindre laks. Ved å starta forsiktig med kvotane, som kan justerast under sesongen om det er grunnlag for det, sikrar me ein god balanse mellom det som kjem opp i elva og det som blir hausta i fiske.
Anadrom sin modell er den einaste måten å få kontroll over kor mykje laks og sjøaure som kjem opp i elva og kor mykje som blir tatt ut, samtidig som me sikrar at gytebestandsmåla blir nådde. Modellen gjer at elveeigarlaga kan tilpassa fisket etter det reelle innsiget, noko som gir ein meir nøyaktig og berekraftig forvaltningspraksis.
Det er på høg tid at elveigarlag i norske lakseelver går bort frå personlege fangstkvotar, der uttaket blir bestemt av talet på fiskarar og fisketilhøva. For å sikra at framtidige generasjonar kan oppleva gleda av å fiska laks og sjøaure, må me forvalta desse sårbare artane etter ein modell med sesongkvote, slik som all annan ressursforvaltning av storvilt og fisk i havet. Dette er ikkje berre eit viktig steg for berekraft, men også for å sikre at laksefiske held fram som ein viktig del av vår kulturarv.