– Går ut over elvene som ligg med knekt ryggrad
Førre veke var Anadrom på ei rekkje konstruktive møter i Vesterålen, der me møtte alt frå fylkespolitikarar og organisasjonar, til næringslivet.
Dagleg leiar Atle Frøysland fortel at turen, trass i ein noko kaotisk start med bagasje som ikkje kom fram og utsett fly, vart svært vellykka.
– Det verkar som alle stiller seg positive til samarbeid, seier Frøysland, og legg til at Anadrom har funne ein arbeidsmåte som sikrar lokalt samarbeid om elveprosjekt med grunneigarar, fiskarar, kommune, organisasjonar, friluftsinteresser og næringsliv, som står i lag på elvekanten.
Det er avgjerande å få med dei lokale som kjenner vassdraga best, både historikken og korleis dei står i lokalsamfunnet.
– Framover skal kommunar vere med å vurdera kva elver som er eigna for videoovervaking og andre tiltak frå Anadrom, fortel Frøysland.
Ved å bruka videoteljarar i utvalde vassdrag, får me ein foreløpig oversikt over bestanden.
– Då får me konkrete og dokumenterbare resultat, og då kan me truleg også opna mange av dei vassdraga som er stengde for fiske, fortast mogleg, forklarer han.
Gratis tiltak
På turnéen i Vesterålen har Frøysland møtt stor interesse for Anadroms tilnærming, som inneber gratis tiltak til mindre og små vassdrag basert på samarbeid og handling i elva, i staden for å peika ut syndebukkar.
– Det er på høg tid at me ser på korleis me kan hjelpa desse vassdraga utan å sko oss økonomisk, seier han.
I motsetning til forskingsinstitusjonar som treng å ta 1500 kroner timen for biologar, har ikkje Anadrom som ei ideell stifting forsking som må finansierast.
– Eg har forståelse for at dei må forska, men me må forstå at dette går ut over dei mindre og små elvane som utgjer 90 prosent av dei anadrome elvene i landet vårt som ligg med knekt ryggrad, utan økonomi til å betala for slikt. Det er dei som verkeleg treng hjelp, påpeiker Frøysland.
Om ein ikkje får opna hundrevis av desse mindre vassdraga som er stengt for fiske, slik at barn og ungdom kan fiske i si lokale elva vil rekrutteringa lida hardast, og med forgubbinga i Noreg må ein sjå langt etter arvtakarar til lokale fiske- og forvaltningstradisjonar, avslutter Frøysland.