Skip to main content

Set pris på grunneigarane: – Uvurderlig

  • Kristoffer Solberg Refsnes
  • Nyheter

Eit par biologar vassar nedover Fjæreelva på Kjerringøy. Han eine stikk noko metall ned i botn, han andre syslar med eit nettbrett.

Det er mange måtar å kartlegga eit vassdrag på, og denne måten er ein av dei, seier den eine biologen, Geir Dahl-Hansen. Han er i elva saman med kollega Eirik Haugstvedt Henriksen frå Akvaplan Niva, og fortel at kartlegginga dei no gjer er ein bit av eit større puslespel.

– Det me gjer er jo eit viktig bidrag til at kunnskapen me har om elvane blir oppdatert, og bidreg inn mot å få eit heilskapleg bilde av elva, seier Dahl-Hansen.

Til vanleg sit dei på kontor i Tromsø, men når me møter dei er dei på oppdrag for Anadrom i Fjæreelva. Ei av 50 elver stiftelsen har sendt dei til i Nordland.

– Det er jo veldig lærerikt å koma seg fysisk ut i så mange ulike elvar. Det gjer at me får brei erfaring.

Det er ikkje den første kartlegginga som er gjort på elva, men det er den første som er gjort i så stor detalj – og den første på fleire tiår.

– Førre kartlegging var gjort ved å gå nedover elva med kart for å markera steinar og plassar det kan ha vore gytegroper. No går me mykje meir detaljert til verks, seier Henriksen og peikar ned på ein sving i elva:

– Ta den svingen til dømes. Der såg me rundt 15 gytegroper, derfor kan me slå fast at dette heilt klart er eit av dei viktigaste områda i elva.

Set pris på grunneigarane

Utanom Anadrom har Akvaplan Niva ei rekkje større kundar dei tek oppdrag for, som blant anna Vegvesenet, Statsforvaltaren og fleire kommunar. På tross av store kundar, meiner likevel Dahl-Hansen at noko av det viktigaste med jobben er kontakten dei har med dei lokale. Det er grunneigarane og dei som fiskar i vassdraget som kjenner det best.

– Me får ofte tips frå lokale om kvar dei har sett fisk. Då pleier me å ta med oss grunneigarar ut med el-apparat for å visa kor mykje fisk det faktisk er der. Ved å setja straum ein plass med stein, får dei sjå kor mykje yngel som faktisk er gøymar seg der nede. Det blir mange aha-opplevingar, seier Dahl-Hansen og legg til:

– Det handlar eigentleg litt om å gje dei som bur langsmed elva ei aha-oppleving, og samstundes vera audmjuk. For sjølv om me har mykje me vil formidla, må me ha respekt ovanfor kunnskapen dei lokale sit med. Den er ofte uvurderleg.