To skritt fram og eitt tilbake
Det er eit treffande bilde på situasjonen i lakseforvaltninga dei siste vekene.
Først kom den oppløftande nyheita om at Miljødirektoratet vil innføra ein føre-var-strategi nasjonalt, noko som signaliserte ein positiv retning for villaksforvaltninga.
Men då regjeringa presenterte statsbudsjettet, blei det tydeleg at dei ikkje var klare til å følgja opp med naudsynte ressursar. Budsjettet fokuserer hovudsakleg på dei store elvene, og overser dei over 90 prosent av vassdraga som er små- og mellomstore. Elver som lir like mykje, om ikkje meir, og står utan dei økonomiske ressursane som trengst for å sikra ei varig forvaltning. Her ser me eit tydeleg hol i regjeringa sin strategi.
Elles peikar regjeringa atter ein gong på oppdrettsnæringa som ein negativ påverkar, men utan nye løysingar å tilby. I ein kronikk på IntraFish peikte me nyleg på at det vil ta tid å omstille oppdrettsnæringa – tid me ikkje har om me verkeleg ønskar å redda villaksen.
Dette understrekar den store avstanden frå ord til handling. Det er nettopp difor det er så avgjerande at me får fortgang på praktiske tiltak i vassdraga. Medan politikken tek si tid, har Anadrom vore aktiv i media og utfordra med både kritikk og forslag til forbetringar.
Neste veke tar Atle Frøysland, vår daglege leiar, turen til Nordland for å møte representantar frå fleire kommunar, fylkestinget og oppdrettsselskap. Målet er å diskutere konkrete tiltak som kan gjennomførast her og no. Ved å jobba direkte opp mot elvene og samarbeida tett med lokale aktørar, sikrar me at små og mellomstore vassdrag ikkje blir gløymde.